Kretsen-kontaktinfo  -  Klubber  - KM - Mesterpoeng
NBF Lofoten og Vesterålen
  STARTSIDE TERMINLISTE RESULTATER SYSTEMER BILDER
Email: kontakt -(at)- lovebridge.no
Velkommen til NBF Lofoten og Vesterålen sine bridge sider.
 
Påmelding turnering

 Svolværmesterskapet

 

Diverse

 NM lag 2005
 NM lag 2011

På siden nå: 42

: Erlend Skjetne med Kibitzing under NM finalen

Postet den 08.06.2011 av PaalFondevik

erlend.jpgErlend Skjetne har en blogg som du kan lese på http://kjellaren.trykker.com

Erlend er ny redaktør av Norsk Bridge og en fantastisk skribent med det humoristiske og det underfundige i og mellom linjene.

Vi har sakset en artikkel fra bloggen hans om sitt besøk under lagfinalen på Sortland.  Pass på, for her kommer du til å flire deg skakk og tårene vil trille :)

Kibitzing 8 juni, 2011 Vi har faktisk vore på Sortland ein gong tidlegare, på ein visitt hjå nokre fjerne slektningar i 2005. Vi hugsar det godt fordi vi på denne reisa pløgde gjennom Blikktromma, og vi vart faktisk like imponerte over den storslåtte naturen i Vesterålen som over denne eksepsjonelle romanen; det seier jo sitt. Vi såg med andre ord fram til gjensynet, no på Forbundets rekning, i samband med årets lagfinale. Vi har jo spela dei to føregåande finalane, så slik sett var det eit antiklimaks berre å skulle kibitze denne gongen, men samstundes tyder alle røynsler på at vi er dyktigare som åskodarar enn som spelarar.

Prosjektet byrja eigentleg ein dag før avreise, då vi på oppdrag for formenn Jakobsen og Kolbeinsen og vår ven Kristian Bertil Ellingsen, skulle intervjue dei to største stjernene i tevlinga, Boye Brogeland og Geir Helgemo. Boye sende oss fyldige og solide svar på e-post, medan Helgemo, “live” på Babettes på Saupstadsenteret, som vanleg svara mest i einstavingsord og overlét det til oss å vidareutvikle fråsegnene hans. Det var under denne lunsjen, som for vår del berre bestod av den aller svartaste svarte kaffi, at Per Erik Austberg dukka opp og spurde om vi ikkje kunne tenkje oss jobben som NPC for Heimdal i denne tevlinga. Det var vel fyrst og fremst fordi han ville sleppe å gå på kapteinsmøtet torsdag morgon, eit møte som forresten vara i fem minutt, men vi øygna sjansar for heider og ære og takka ja til stillinga. Så feil kan ein ta.

På modellflyet frå Bodø til Stokmarknes møtte vi tevlingsleiar Livgård, og fekk til liks med han skyss med lokal helt Tommy Elde frå flyplassen inn til sentrum av den såkalla blå byen, der alle husa på lang sikt skal målast blåe, men der dei enno kranglar så busta fyk om forskjellige blåtonar og målingsprisar, for ikkje å nemne den fikse ideen i seg sjølv. Hotellet låg eit steinkast frå spelelokalet, der vi denne fyrste kvelden, ein gong for alle, fekk fastslått at det er på bakspelaren sin priviligerte stol vi høyrer heime. Vi spela nemleg den femtenspels opningstevlinga med den svært joviale finnmarkingen Bjørn Børre Leinan, som i sjølve finalen representerte Stavanger, og greidde for eigen maskin å bli nummer sju. Men vi vil bedyre at hadde vi visst at det i det fjorten par store feltet var fem premiar, skulle vi likevel spela litt betre og sikra oss ein premie. No vel. Neste morgon byrja sjølve tevlinga, og vi benka oss frå start attom Helgemo, for å sjå om han var i form. Det var han ikkje. Men ein del briljante bricker vil ein slik meisterspelar naturlegvis produsere jamvel på dårlege dagar, og vi hadde lite anna å gjera der oppe enn å skrive til bulletinen om desse småe lyspunkta. Det gjorde vi på hotellromet og ute i buskane, for så å attervende til spelelokalet og finne i døropninga Øystein Lerfald, trygt plassert på ein ergonomisk stol med sine nennsamt rulla sigarettar elegant dandert mellom fingrane. Vi har alltid vore i glade i passiv røyking, røykar helst tjue, tretti passive om dagen, så denne fyren var jo noko av ei gullgruve for oss. Kulinarien heldt heldigvis fram utover kveldane på hotellet, dit vår rollemodell og ekspert i pole-dancing Dag-Jørgen Stokkvik hadde flytt med seg likørutvalet sitt, for generøst å spandere den aller nydelegaste, mest balanserte Dworek. Dette medan diskusjonen som vanleg gjekk høgt og lågt om spel. Serleg likte vi at fru Brogeland, kona til nemnde verdsstjerne Boye, var på plass for å sjikanere sin husbonds meldingar. Ho var frekk som faen, brukte ord som “fælt” og “frykteleg”, og Stokkvik, Sætre og Evenstad var minst like frekke attende, og viss vi uskuldige by-standers forsøkte å dempe gemyttane med vage forsonlege innspel, fekk vi sanneleg så hatten passa vi òg. Men vel vitande om at det er slik det bør vera i ein NM-finale, aksepterte vi stillteiande den harde medfarta vi frå fyrste augneblinken fekk der oppe. Som alle veit gjekk det jo ikkje akkurat i gleda for laget vårt, Heimdal, og like velkjend er det vel at det alltid er trenaren som har ansvaret. Vi forventar altså avskjed på grått papir innan fåe dagar, men la det vera sagt at vi forsøkte alt: Anten dei drakk vatn eller vodka, var utkvilte og vidvakne eller heilt i koma, så gjekk det uansett til skogen med Heimdals meritterte mannskap. Vi prøvde jamvel å flytte oss sjølve frå flanken og bakspela andre lag i staden, men heller ikkje fråveret av kapteinens argusaugo var nok til å inspirere dei.

Dei trekte eit letta sukk laurdag ettermiddag, då berre banketten og einast liten kamp på sundag stod igjen. Partyet byrja for Heimdals del i Ståle Digres bubil, parkert ved spelelokalet. I denne bilen var det eigentleg god plass, men det vart likevel trongt då Digre sjølv, Helgemo, Austberg, Frøland og Lerfald skulle inn, pluss naturlegvis førti halvlitrar og mindre menn som oss sjølve, Molberg og Lund, for ikkje å nemne Tromsøs klukkleande kaptein Brendeford Anderssen, som trengde seg på for å signatur på listene i kampen som Heimdal tapa 23-7, og som formeleg fekk kasta tomboksar på seg som klår beskjed om å skugge banen, sidan dette ikkje nettopp var nokon sigersfest. Men Heimdals glade gutar har heldigvis også sans for tragikomikk, og låtten og dei gode historiene sat som alltid laust. Det var til dømes i dette laget at vi fekk høyre soga om Lerfalds spørsmål til Magne Eide, ein anekdote som seinare skaffa oss den prestisjetunge Eidsfjord Sjøfarm-prisen, men som visstnok er av tvilsam sanningsgehalt. Vel, fylgjande er iallfall sant: Medan dei fleste av lagets spelarar skulle heim til Digre for å skifte, var vi for vår del så veike for Lerfalds charme at vi takka ja til tilbodet han gav oss om ein konjakk på hotellromet hans. Denne konjakken serverte han i eksessive mengder i dertil eigna raudvinsglas, og byrja så på ei lengre beretning om bridgens natur. Eit attendevendande tema var eit spel frå den dagens kamp, der Lerfald hadde meldt som ein gris på ruterfargen sin, utan at desse krafttaka var nok til å til å avføde utgangsmeldinga 3 grand frå Austberg, som visstnok sat med masse poengs og storslagen ruterstøtte. Medan 3 grand stod legg, laut Dølle spela som ein argonaut for å vinne 3 ruter, og cirka ti gonger i laupet av ein times symposium braut han inn i anna tematikk for å stille det umoglege spørsmålet: “Men å itj meld 3 grand på denne, koss går ’e an det da?” Han ringde faktisk både Brenne og Enge for å konsultere dei om saka, skjønt han ikkje akkurat hugsa korta, eller meldingsforlaupet, kven som hadde opna og kva han sjølv hadde, men det var jo også irrelevant, for å ikkje å melde 3 grand på desse korta, korleis går det eigentleg an? Så gjekk vi ein tur for å skifte på oss ei skjorte, og då vi attervende for å hente Lerfald hadde han fått på seg både bukseseler og svartbrok og dressjakke, og alt låg til rette for den store banketten, der vi og han over tri gode rettar skulle dele ei betre flaske raudvin, og av bordfellene frå Heimdal vart karakteriserte som Lady og Landstrykaren, utan at vi veit kven som liksom skulle vera kven av oss. Diverre kunne kjennarane ganske snart fortelja at Dølle var stein hakke full. Personleg merkte vi ikkje anna skilnad på den edruelege og påsegla framtoninga hans enn at han for ei stutt stund fall i svevn ved bordet, men vi tok likevel ansvar for å få han att opp på romet. Seinare gjekk vi og dei enno vakne på den celebre uteplassen Stedet, der vi benka oss kring eit digert bord i hjørnet og som vanleg kauka om bridge. Men ei lita avveksling fekk vi då nemnde fru Brogeland gavmildt påspanderte oss ein dans, ei oppleving vi sjølvsagt lever til julaftan på. Då vi attervende til bordet vart vi forbausa over å finne det i ei heller skral forfatning; det var glasbrot og søl overalt. Vi laut nesten spørja kva som hadde skjedd, og det viste seg at Børre Lund, etter oppmuntringar frå hopen, rett og slett hadde teke tillaup og hoppa opp på bordet. Han er så visst ingen kjempe, men var meir enn stor nok til å velte nesten alt av drinkar på den breiddfulle bordplata, derimellom eit heilt brett med glas som Evenstad nettopp hadde fått levert. Men korkje han eller andre såg ut til å fortrekkje så mykje som ein mine i irritasjon over Lunds vesle stunt. Tvert imot mora dei seg vidare med å løfte på og dra i bordplata, som snart var like full igjen, og som stakkars Kristian Ellingsen sat og støtta opp og forsøkte å stabilisere, etter at Lund hadde knekt det eine beinet under henne. Pliktoppfyllande fyr, denne Ellingsen, jamvel ein masse fyllesvin som gjer det dei kan for å plage han, har han tilnærma moderleg omsorg for. Den mest skilsetjande opplevinga denne natta hadde nok likevel Jan Erik Olsen, storebror til vår gamle kompis Nøkling, som i firetida spaserte inkjeanande gjennom ein hotellkorridor med plan om å leggje seg. Men plutseleg gjekk ei dør opp, og ut hoppa Lerfald i berre boksaren og skremde livet av han, rett nok berre for å stille spørsmålet: “Du, ka tid e det spællinga bynne?” Han hadde tydelegvis vakna igjen og funne seg sjølv litt døgnvill, ikkje urimeleg med alt dette solskinet midt på svarte natta.

Neste dag var tevlinga over, og vårt eige lags elendige prestasjonar til trass, så var vi dei fyrste til å gratulere dei som faktisk lyktest. På alle medaljelaga har vi store heltar: På Tromsø gjeld det nesten alle, frå Peter Bendik Marstrander til Jan Einar Sætre, på Ski vil vi serleg trekkje fram Jonny Hansen, viss tilnamn “Ivrig” vi skjønar betre etter å ha høyrd på tallause instruktive leksjonar i lobbyen, og på bronselaget er det jo to usedvanleg store namn som melder seg: Dei har litt av den same fysikken, som dei er glade i å framheva med meir eller mindre flagrande skjorter og ved konsekvent, jamvel i regnvêr og åtte gradar pluss å gå i shorts. Vi snakkar sjølvsagt om John “Pusten” Aabye og Trond “Haien” Hantveit, to tidvis utskjelte typar, som trass i ein viss eksentrisitet ved bordet, jo er sympatiske hinsides fatteevne.

No skulle ein vel tru at denne utflukta omsider var over, men vi skulle vera på Sortland godt og vel eit døgn til, fyrst og fremst for å konversere Ellingsen, som jo er ein stor beundrar av trøndersk bridge. Han budde i Trondheim ei stund og kjem nok attende etter kvart, men i augneblinken er han heime hjå familien på Sortland. Vi følte oss heldigvis ikkje så veldige plagsame då vi entra Ellingsen-heimen for å overnatte der ei natt, fyrst og fremst fordi dei naturlegvis er veldige gjestfrie av seg, men også fordi huset dei bur i, ei bygning frå 1860 med sterke band til Ellingsen-slekta og Sortland som tettstad, består av førti rom fordelt på fire plan. Det var berre Kristians pedagogiske guiding som overhovudet gjorde det mogleg for oss å finne veg gjennom dette labyrintiske byggverket. Men vi stavra oss ned frå loftsromet måndag morgon, framleis i live, og denne siste dagen nytta vi til ein spasertur i det plutslege finvêret på Langøya, etter at Kristian i middagstida hadde sett seg på bussen til Leknes i Lofoten, ei reise på kringom tretti miler, fyrst og fremst for å spela ein firebords sumarbridge. Vi skulle ynskje vi framleis hadde den same lidenskapen som Ellingsen for det vakre spelet bridge, men lyt medgje igjen som vi gjorde alt for fleire år sidan, at no er vi med mest for jentene og ølet. Skjønt som inspirasjon til også å reise til finalen neste år, som går av stabelen i Namsos, greier det seg med biletet i reklamen som fekk avslutte den siste av bulletinane frå Sortland: Anders Svare ståande med ei kjevle og ein diger kniv, utan så mykje som ein bilettekst under til å forklåre kva dette er meint å symbolisere. Det blir nok ei hjelma tilstelning i Namsos òg.


click Related        click Share
Aktivitetskalender
<< August 2018 >>

M T O T F L S
    12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031   

Lenker
Mye bridge
Mye bridgestoff
Les GEOs Blogg hos NBF
Les bridge i bladet Bridge i Norge
Mye bridgestoff
Mye bridgestoff
Mye bridgestoff
Delta p NBF Bridgefestivalen som er Norges strste bridgebegivenhet
Mye bridgestoff
Mye bridgestoff
Spill bridge og flg med p rama p Bridge Base Online
Les GEOs Blogg hos NBF
Mange bulletiner
Mye bridge
Mye bridge
 
Sidegenerering: 0.27 Sekunder